Rådmann Ellen Jensen ba om full tillit frå politikarane for å halde fram som rådmann. Det fekk ho, til slutt.

Rådmannen var klar til å gå av

Ved starten av kommunestyremøtet torsdag vart vi vitne til ein spesiell situasjon. Rådmann Ellen Jensen sat ikkje på sin vanlege plass ved sida av ordføraren, men på tilhøyrar plass.



Det skulle snart bli klart kvifor ho sat der ho sat. Ordførar Oddmund Klakegg opna nemleg møtet med å annonsere at han hadde ei sak å ta opp, og gjekk så på talarstolen. Der kom det eit innlegg som handla om tillit til rådmannen, eller ikkje, etter eit innlegg i budsjettdebatten på siste kommunestyremøte i fjor.

Harde ord
Det var Kjell Navelsaker (H) som i det møtet kom med til dels knallhard kritikk av rådmannen. Han meinte at det var dårleg budsjettdisiplin i kommunen og at rådmannen, som øvste administrative leiar i kommunen, ikkje hadde gjort jobben sin. Han tok også fram leiarlønenene i kommunen, inklusive rådmannen si, og sa meir eller mindre indirekte at leiarane burde vise moderasjon når kommunen har trong økonomi. Dette var såpass hard kost, og på grensa til direkte mistillit, at ein tydeleg irritert rådmann entra talarstolen og gjorde det klinkande klart at ho ikkje hadde hatt noko å gjere med å forhandle eiga løn.
Meir vart det ikkje sagt om dette i møtet, men torsdag, to og ein halv månad etter denne episoden, kom ordføraren på talarstolen og beklaga det som hadde skjedd, og at han ikkje hadde reagert med ein gong.

La seg flat
Ordføraren la seg heilt flat og beklaga det som hadde skjedd, og han gjorde det det klart at han hadde full tillit til rådmannen. Der etter gav han ordet til kommunestyret, og i tur og orden gjekk gruppeleiarane på talarstolen og forsikra at også dei hadde tillit til rådmannen.
Høgre sin gruppeleiar, som er Kjell Navelsaker, hadde forfall til dette møtet, så det var Agnar Bøyum som snakka for partiet i spørsmålet om tillit til rådmannen, eller ikkje.
– Det har aldri vore diskutert mistillit til rådmannen i vår gruppe, sa Bøyum som dermed forsikra at Ellen Jensen hadde full tillit i Høgre sine rekkjer.
– Eg registrer at rådmannen har kommunestyret sin tillit, sa ordførar Oddmund Klakegg som dermed kom med dei forløysande orda som fekk rådmannen til å finne tilbake til sin vanlege plass.

Godt å få rydda opp
– Det var greitt å få reinska lufta, men eg burde sjølvsagt reagert med ein gong då det vart stilt spørsmål ved tilliten til rådmannen, seier Oddmund Klakegg i etterkant av kommunestyremøtet, og han seier også at partigruppene var orienterte om at saka ville komme.
– Det er uhyre viktig at politikarane har tillit til rådmannen.
– Var det slik at rådmannen stilte «kabinettsspørsmål» i denne saka?
– Det er dine ord, eg stiller meg ikkje bak ei slik vurdering, så det må i så fall rådmannen svare på sjølv.
– Var du inne på tanken om å klubbe Navelsaker?
– Nei, så gale var det ikkje, men eg burde reagert etter at han var ferdig med innlegget sitt. Mistillit mot rådmannen er alvorleg, svarar Klakegg.

Var klar til å gå
Ein telefon til Ellen Jensen gjev tydeleg svar på spørsmålet om ho stilte stillinga si til disposisjon, eller ikkje. Rådmannen har siste året vore overkøyrd av kommunestyret fleire gonger, særleg i saka om dei to idrettshallane, og andre investeringar, der ho har gitt beskjed om at drastiske nedskjeringar og kutt i tenestetilbod kan bli konsekvens av mange og tunge investeringsprosjekt.
– Eg tok opp spørsmålet om mistillit med ordførar og varaordførar rett etter kommunestyremøtet før jul, og eg varsla om at det kom til å komme ei oppseiing om dette ikkje vart avklara, men ingen ting skjedde. Det handla om integriteten min som rådmann, fortel Jensen.

– Så då var det altså eit kabinettsspørsmål vi var vitne til på kommunestyremøtet torsdag?
– Ja, det var nok det. Eg leverte oppseiing onsdag og då vart det fart i sakene. Eg var nøydd til å få avklara dette med tilliten før eg kunne halde fram som rådmann. Då eg fekk denne avklaringa i kommunestyremøtet, trekte eg oppseiinga, avsluttar Ellen Jensen som dermed skal styre Jølster-skuta vidare, og som på slutten av fjoråret og, i starten på det nye året, har fått litt meir å rutte med.