Kristin Asbjørnsen brukar heile kroppen som instrument og leverte ein fantastisk konsert som fekk eit rekordstort publikum

Publikumsrekord på opningskonserten

-For første gong i denne festivalen si historie, måtte vi setje inn ekstra stolar. Det er utruleg kjekt, sa leiar i Jølster Jazzklubb, Hilde Hegrenes, då ho fredag kveld ønskte velkommen til den tiande Jazz på Jølst.



Den som sytte for at det var lang kø ved inngangen, var Kristin Asbjørnsen,

den spesielle stemma som begeistra eit stort publikum på Skei fredag.



Samarbeid med Førdefestivalen

Opningskonserten på jubileumsutgåva av Jazz på Jølst var i samarbeid med Førdefestivalen og mangeårig leiar for festivalen, og kommande kommunalsjef for kultur og idrett i Sunnfjord, Hilde Bjørkum, opna festivalen i lag med statssekretær i kulturdepartementet, Frida Blomgren.

-Korleis kan ei lita bygd, med få folk, langt inne i folkemusikkland, ha kapasitet til å tilby eit festivalprogram med høg kvalitet år etter år?, spurde Bjørkum. Ho hadde svaret sjølv.

-Det handlar om einskildmenneske med kompetanse, om mot, stayerevne og samarbeidsvilje. Det handlar også om ein bygdekultur der dugnadsånda står sterkt, sa Bjørkum.

Statsekretær Blomgren sa det slik:

-Kunst og kultur kjenner ingen grenser, og det vedgår oss alle. Kunst og kultur er ikkje berre for fiffen i Oslo, men speglar menneskesinnet. Kunst høyrer til der menneska er og menneska er i høgste grad til stades her i Jølster, sa statssekretæren som også la vekt på at det finst nokre faktorar som må til for å skape ein festival.

-Det må vere eldsjeler som går i spissen, det må vere eit samfunn som legg til rette og det trengs frivillige, sa Blomgren som såg fram til å få med seg det ho kalla to fantastiske konsertar.



Asbjørnsen innfridde

Kristin Asbjørnsen leverte ein konsert som vil gå inn i historiebøkene som noko av det beste som har blitt servert på denne festivalen. Med si spesielle og fantastiske stemme, trylla ho fram afroinspirerte tonar med innslag av soul, gospel, negro spirituals og jazz.



-Ho sang med heile seg, kroppen var eit instrument, var det ei blant publikum som sa. Og det er rett. I tillegg til å ha ei flott stemme sjølv, hadde ho med seg to musikarar, Olav Torget og Suntou Susso, som inn i mellom kora på Kristin sine songar. Det var tre stemmer som på ein framifrå måte gjekk inn i kvarandre.



- Eg prøver å finne ein dansande inngang til alvorlege ting, og ein del av repertoaret mitt er det eg vil kalle sorgsongar sa Kristin Asbjørnsen etter ein konsert som vart svært godt motteken av eit rekordstort publikum. det vsar ein konsert som trefte dei fleste mitt i hjartet og som var ein svært verdig start på den tiande Jazz på Jølst.



Ytre Suløen sviktar aldri

Jazzlegenda Ytre Suløens Jass-ensemble var på festivalen for åtte år sidan, men kom tilbake med delvis nytt mannskap og nytt repertoar, delvis basert på jazzikonet Joe "King" Oliver. Mannen nsom hadde sjølvaste Louis Armstrong i bandet sitt og som storparten av si karriere heldt til i tradjazzen si høgborg. New Orleans.



Det vart ein konsert heilt og fullt i tradjazzen/gladjazzen si ånd og med fyrverkeriet Tricia Boutté som vokalist på deler av den to timar lange konserten, berre avbroten av ein kort pause, så vart det ei feststund utan like for alle som likar denne musikkforma. Alt i alt så vart dette ein festkveld ein tiårsjubilant verdig. Med så mykje publikum som reiste heim med hovudet fullt av gode opplevingar, så skal det forundre mykje om ikkje denne festivalen lever i beste velgåande også om nye ti år.



 

Det var statssekretær i kulturdepartementet, Frida Blomgren som i lag med kommande kommunalsjef for idrett og kultur som opna jubileumsfestivalen.
Olav Torget er ein glimrande gitarist, men har også ei flott stemme som sto godt til Kristin Asbjørnsen si litt håse, soulprega stemme under koringa.
Suntou Susso spela på det vestafrikanske instrumentet kora. Lyden av dette instrumentet sto perfekt til den spesielle stemma til Kristin Asbjørnsen.
Det er David Gald frå Stryn som tek seg av tubaen i noverande utgåve av Ytre Suløens Jass-ensemble.
Svært mange fekk med seg de to konsertane fredag kveld.
82 år gamle Einar Aarø har vore med Ytre Suløen sidan starten for 46 år sidan. Han trakterer framleis banjoen på framifrå vis.
Olav Torget er ein glimrande gitarist, men har også ei flott stemme som sto godt til Kristin Asbjørnsen si litt håse, soulprega stemme under koringa.
Det er så ufatteleg vakkert her, sa Kristin Asbjørnsen då ho entra scena framfor eit rekordstort publikum på Thon Hotel Jølster fredag.
Ytre Suløen begeistra eit stort og entusiastisk publikum på Skei
Tracia Boutté er eit fyrverkeri av ein vokalist. Her i lag med Andreas Rotevatn frå Eid som er ein glimrande trombonist og ein av tre i den flotte blåsarrekkja til Ytre Suløens jass-ensemble.