Home   >   Nyhende   >   Prøysenstua er freda

Prøysenstua ved Rudshøgda i Ringsaker er freda av Riksantikvaren. Foto: Riksantikvaren

Prøysenstua er freda

Riksantikvaren har freda barndomsheimen til diktaren, forfattaren og songaren Alf Prøysen i Ringsaker i Hedmark.

Det vesle huset, som truleg er frå tidleg på 1800-talet, ligg vest for Rudshøgda i Ringsaker kommune i Hedmark.

– Prøysenstua er eit nasjonalt viktig kulturminne, både som barndomsheimen til Alf Prøysen og som godt bevart husmannsplass. Her kan me oppleva bygningane og omgivnadane som fekk så stor betydning for forfattarskapen til Prøysen, og me kan få kunnskap om husmannsvesenet, seier riksantikvar Hanna Geiran i ei pressemelding.

Fredag blei fredinga markert med eit arrangement. Fredinga omfattar husmannsplassen og barndomsheimen til Alf Prøysen (1914–1970), med stovebygningen, fjøsen og løa. Tunet og hagen og eit ferdighus frå 1955 som Prøysen fekk sett opp til foreldra sine, blir også freda. I tillegg blir eit område rundt bygningane og tunet freda, blant anna steinrøysa, delar av Prestvegen og jorde, opplyser Riksantikvaren.