Den utflytte sandensaren Harald Botn er ein flink teiknar. Her viser han fram to av dei mange portretta han har laga, av evangelistane Billy Graham og Aril Edvardsen. – Mange har gjort mykje godt og er verd å bli lagde merke til, meiner Botn og forklarer med det val av motiv.

– Prøver å få fram karaktertrekk og det dei har stått for

– Eg er ein amatørkunstnar som brukar teikneferdigheitene mine til å formidle historier frå Bibelen og få fram personar som har gjort noko godt, seier Harald Botn.




70-åringen voks opp på Sandane, men har i mange år budd i Flekkefjord. Med seg på turen sørover hadde han eit teiknetalent mange kan misunne han.

– Spreie noko positivt
– Teikning ligg til slekta vår. Sunneva Løken var søskenbarnet mitt, og eg er i slekt med Øyvind og Harry Botn, seier Harald og viser til biletkunstnarane og brørne frå Stårheim.
Også den kjende bilethoggaren Anders Svor frå Hornindal høyrer til det same slektstreet.

– Det kom ein del på meg òg. Eg brukar det til å spreie noko positivt, fortel Harald Botn og viser fram flotte blyantteikningar av mellom andre grunnleggjaren av Sarons Dal, Aril Edvardsen, og evangelisten Billy Graham.

– Eg starta på bibelskule i Sarons Dal, men gjekk der berre i eitt år. Det blei for mykje teori. Det orka eg ikkje, det må vere litt praksis i det eg gjer, seier Harald og fortel at han har arbeidd både i mekanisk verkstad, med laks og med reker i løpet av yrkeskarrieren.



175.000 eksemplar
Men opphaldet i Sarons Dal opna nokre dører innan kunsten.

– Då eg var der, forstod Aril Edvardsen og andre at eg kunne å teikne. Eg har illustrert fleire bøker. Eg teikna mellom anna framsida til Edvardsen si bok «La meg gråte». Den handlar om ei narkoman dame som arbeidde som prostituert. Ho blei frelst og tok til å arbeide for kvinner med narkotikaproblem i Amerika. Boka blei selt i 175.000 eksemplar. Det er mykje for ei bok.

På oppdragslista står også illustrasjonar til fire Aril Edvardsen-bøker om arkeologi:

– Eg har fleire hundre teikningar i dei.

– Er ikkje så oppteken av pengar
No held Botn seg mest til portretteikning.

– Eg skulle ha teikna meir enn eg gjer, men det er mykje som tek opp tida når ein har familie, seier han og fortel om kone, to vaksne born og tre barneborn.

Sjølv om talentet er uomtvisteleg, har han slett ikkje tent seg rik på kunsten – i alle fall ikkje om ein reknar i kroner og øre.

– Eg er ikkje så oppteken av pengar, det viktigaste for meg er at det kjem noko positivt ut av det eg driv med. Det er betre å gje vekk bilete enn å gå og vente på at nokon skal kjøpe dei. Eg kopierer opp og gjev teikningane til Frelsesarmeen, slik at dei kan selje dei på Fretex. Då går det til ei god sak.

Også den kristne fjernsynskanalen Visjon Norge sel bileta hans.



– Likar ikkje å slurve
Botn er sjølvlærd og har ikkje noko klar meining om kor lang tid han brukar på ei portretteikning, men slår fast at han brukar den tida han treng for at resultatet skal bli bra.

– Det er viktig at det blir godt. Eg likar ikkje å slurve.

Arbeidsreiskapen er for det meste blyant.

– Eg er litt fargeblind, difor går det mest i gråblyantteikningar. Men eg har laga fargebilete òg.

Har sans for Trump
Botn teiknar etter fotografi. Mellom anna er alle dei tre kongane i nyare norsk historie portretterte.

– Eg teikna Kong Haakon, Kong Olav og Kong Harald i eitt bilete. Det sende eg til Slottet og fekk fin tilbakemelding.

Også den amerikanske presidenten Donald Trump har fått portrettet sitt tilsendt.

– Men eg har ikkje fått noko tilbakemelding frå Det kvite hus, fortel amatørkunstnaren og legg til at han har sans for at Trump våga å flytte den amerikanske ambassaden i Israel til Jerusalem:

– Fleire presidentar før han lova å gjere det, men våga ikkje.

– Gud er berre god
Ein han så langt ikkje har portrettert, men som han ønskjer å feste til papiret, er forretningsmannen Olav Thon.

– Eg er fascinert over at ein så gammal person kan få til så mykje. Han har sikkert mange hjelparar, men han må ta mange avgjerder sjølv, seier Harald om den 96 år gamle hallingdølen.

Utanom portretta, hentar Botn motiv frå Bibelen.

– Eg ønskjer å få fram bibelske forteljingar, seier han utan å leggje skjul på trua si:

– Vi er alle menneske som gjer feil. Vi er ikkje perfekte, men det er éin som er det. Han har teke straffa for oss. Gud er berre god, men han har ein fiende som vil øydeleggje menneska.



– Kjekt å kome tilbake
Sjølv om det er mange tiår sidan Harald Botn flytte ut, kjenner han framleis mange på Sandane, og broren Jørgen bur i Gloppen.

– Det var her eg voks opp og det er alltid kjekt å kome tilbake hit, seier han og viser fram fleire teikningar som er slåande like originalmotiva.

– Når ein har interesse for noko, er det kjekt å utvikle det, seier Harald om teikneevnene si. I midten ei av mange teikningar med utgangspunkt i Det nye testamentet. Han likar også teikne portrett, og her ser vi Jan Hanvold er predikant, mediemisjonær og forretningsmann. Han har mellom anna grunnlagt den kristne TV-kanalen Visjon Norge, og taterguten Ludvig Karlsen, som levde eit liv som alkoholikar og uteliggar. Så blei han frelst, og saman med kona grunnla han Stiftelsen Pinsevennenes Evangeliesenter, det største hjelpetiltaket for russkadde i Noreg.
– Eg er sjølvlærd. Ein gong gjekk eg på eit frihandsteiknekurs, men fullførte ikkje. Denne skoen laga eg på det kurset, fortel Harald Botn.
Botn er truande og hentar mange av motiva sine frå Bibelen.