Foto: Halvard Alvik/NTB scanpix/NPK.

Prøveordning med innsamling av landbruksplast

I år vil Felleskjøpet prøve ut ei ordning med innsamling av landbruksplast.


Det er bønder i Folldal, Rendalen, Alvdal, Tynset og Stor-Elvdal som skal teste tilbodet, skriv Nationen.


Felleskjøpet skal samle inn plasten når dei likevel er på gardane, for eksempel når dei leverer gjødsel, i staden for at bøndene sjølve må frakte det til ein avfallsstasjon med Grønt Punkt.


Det er rundballeplast, gjødselsekkar og kanner med ensileringsmiddel som skal samlast inn.


– Målet er at det skal bli enklare for bonden, mindre plast på avvegar og at plasten som blir attvunnen, kan bli til plastposar i Felleskjøpet sine butikkar, seier Jan Håvard Kingsrød, produktsjef for blant anna rundballeplast i Felleskjøpet, i ei pressemelding.


På seinsommaren i fjor vart det kjent at meir enn 2.000 tonn landbruksplast ikkje blir levert til attvinning. (©NPK)