Prøvde å lokke nye innbyggjarar til Nordfjord

Nordfjordrådet var til stades på Framtidsfylket si karrieremesse i Grieghallen i Bergen tysdag kveld.

Nordfjord og "Alt i ein fjord"-konseptet vart visualisert av Alfred Bjørlo (ordførar Kinn), Per Jarle Myklebust (varaordførar Gloppen), Janne Andersson (Nordfjordrådet), Rita Lilletvedt (personalsjef Gloppen) og Torstein Tvinnereim (varaordførar Stryn): Fagraste, Tøffaste, Lengste, Største, Villaste.

Det var godt besøk på messa, og alle som var innom Nordfjordrådet sin stand fekk vere med i trekninga av ei Nordfjord t-skjorte , ei 514-drikkeflaske og ein Dævelenkopp spesiallaga til Farmen-vinnaren Erik Rotihaug frå BergArt.

- Kjekt at so mange unge nordfjordingar tok turen innom messa, og ikkje minst at dei ønskjer seg heim til Nordfjord. Vi har eit stort behov for arbeidskraft i regionen, vi har mange spennande jobbar i solide bedrifter. Nordfjord er ein heilt unik region med eit mangfaldig næringsliv, fager natur og ein god plass å leve og bu, seier varaordførar i Stryn, Torstein Tvinnereim, i ei pressemelding.