Prøvde å innføre cannabisfrø via brevpost

Ein mann i 30-åra frå Sogn er i Sogn og Fjordane tingrett dømt til 30 dagar i fengsel på vilkår. I tillegg må han betale ei bot på 10.000 kroner.
Mannen blei dømt for brot på matlova for innførsel av cannabisfrøa, men også for å ha brukt det narkotiske stoffet marihuana. Han erkjenner å ha utført ugjerningane.

Stoppa i tollen

I april 2018 oppdaga Oslo og Akershus tollregion eit brev som inneheldt 110 cannabisfrø. Brevet, som kom frå Tysklad, var adressert til den no straffedømte sogningen.

Få liknande saker
Retten meiner det ikkje er tvil om at frøa skulle brukast til produksjon av cannabisplantar. Likevel kan det ikkje kan reagerast like strengt i denne saka som om sikta hadde blitt teken med 110 fullvaksne planter, då mykje kan gå gale før frøa når eit slikt stadium.

Ifølgje dommen er det lite rettspraksis på området, men retten var likevel samd i påtalemakta sitt forslag til straff og grunngjeving.