Foto: Berit Roald/NTB scanpix/NPK.

Prisane på fjellhytter fortset å stige

Prisane på fjellhytter steig for fjerde år på rad i 2018. I snitt kostar det no 1.875.000 kroner for den typiske fritidsbustaden på fjellet.





Prisstiginga i fjor var på 4,4 prosent, og til saman vart det selt 4.104 hytter på fjellet, viser tal frå Eiendom Norge.





Det er i kommunane Ringsaker (Sjusjøen), Trysil, Krødsherad og Sigdal (Norefjell og Haglebu) det vart selt flest fjellhytter. Dei høgaste medianprisane finn ein i Øyer (Hafjell), Hol (Geilo, Ustaoset og Haugastøl) og Flå.





– Den sterke prisutviklinga i marknaden for fjellhytter fortset for fjerde år på rad etter dei noko svakare åra i 2013 og 2014. Hyttemeklarane har meldt om stor aktivitet gjennom året, og det inntrykket blir bekrefta av statistikken, seier administrerande direktør Christian Vammervold Dreyer i Eiendom Norge.





Mens prisane på fjellhytter ved langrennsdestinasjonar steig med 3,9 prosent i fjor, var prisstiginga på 5,5 prosent for fjellhytter ved alpinanlegg. (©NPK)k