Home   >   Nyhende   >   Prikkfritt arrangement

89 kampar vart spelt på seks ulike baner i Trivselshallen i helga. 16 jentelag og 14 gutelag deltok.

Prikkfritt arrangement

Det var ei fantastisk stemning i Trivselshallen under junior-NM i helga. På tre dagar vart det spelt i alt 89 kampar.

– Arrangementet har gått akkurat som venta. Vi er svært godt nøgde, seier dei tre som har drege i trådane, Vegar Sårheim, Øyvind Indrebø og Kjell Olav Førde.

– Alt har fungert slik det skulle, til punkt og prikke. Det er vi svært godt nøgde med, seier dei tre eldsjelene, som har fått mange positive tilbakemeldingar frå tilreisande klubbar.

Under opningsseremonien fredag føremiddag var tribunene i Trivselshallen smekk fulle.

– Det skjer nesten aldri under junior-NM. Folk er anten på jobb eller skule. Men her i Gloppen har skulane tradisjon for å støtte opp om store arrangement. Fleire klasser frå både Sandane skule, Gloppen opplæringssenter, Gloppen ungdomsskule og Firda vidaregåande skule var til stades på opninga i lag med ein del tilreisande foreldre, fortel Øyvind Indrebø.

Det er første gong at eit junior-NM er blitt skipa til av tre idrettslag – Fjellhug/Vereide IL, Breimsbygda IL og Jølster IL.

Les meir i papirutgåva måndag.