Presenterer ny bok i kveld

I kveld vert boka «Saueull, fossekraft og gründerånd – Evebøfoss Fabrikker 1910–1984» av Jostein Hansen sleppt på Nordfjord Folkemuseum. 

Evebøfoss Fabrikker var på store delar av 1900-talet hjørnesteinsverksemda i Gloppen. Boka fortel historia om fabrikken som på det meste hadde 110 tilsette, og laga ullvarer og strikkevarer av alle slag, til dømes genserar, jakker, vamsar og teppe.

Fabrikken vart grunnlagt av Anders Hansen (1855–1915), som kom frå fattige kår i Utvik. Han såg krafta i fossane og ville skape arbeidsplassar ved å utnytte distriktet sitt eige råstoff: saueull. Saman med eldstesonen Hans A. Hansen (1881–1966) skapte han ei bedrift som gjorde at Gloppen gradvis tok spranget frå eit relativt stilleståande bondesamfunn til eit meir dynamisk industrisamfunn.

Bedrifta låg frå starten rett ved sjølve Evebøfossen, men utvida drifta og flytta til ny fabrikk på Elvaneset i 1924. Etter krigen tok tredje generasjon over. I 1947-48 kom ny murbygning med trikotasjefabrikk. På 1970-80-talet vart Evebøfoss råka av krisa i teko-industrien og gjekk konkurs, først i 1973 og så i 1984.

Jostein Hansen er Anders Hansen sitt oldebarn.