To smilande karar som kunne reise av stad med premiane førdte dag. Anders Kolstad, Oslo (t.v.) kom nærast den trekte vekta og kunne innkassere 20.000 kroner. Yngve Bryn frå Larvik hadde tyngste fisk på 1208 g og frekk med seg 10.000 kr.

Premiane første dag gjekk til Oslo og Larvik

Aurefesten i Jølster er godt i gang og første fiskedag vart ein historisk dag på fleire måtar. For det første var torsdagen første dag i det som har blitt ein festival, og det var dagen då rekorden for tyngste fisk under Jølster Aurefest sto for fall.



- Eg er glad eg er degradert, sa Jonny Lofnes frå Jølster som hadde den gamle rekorden. Han fekk den tyngste i fjor, ein rugg på i underkant av 900 g. På første dag av årets festival  stoppa vekta på tyngste fisk på 1208 g. Også den nest tyngste  var over den gamle rekorden og vog 1094 g.

Vill jubel

Den nye rekordhaldaren heiter Yngve Bryn og kjem frå Larvik. Han var deltakar på aurefesten for tredje gong og var sjølvsagt glad for rekordfisken og premien på 10.000 kroner.

- Eg fiska i Jølstra, men nøyaktig kvar, vil eg ikkje seie. Eg fiska med makk og det var tydelegvis eit godt val, fortalde Bryn som hadde tenkt seg i Jølstravatnet på dag to.



Men den gladaste vinnar vi nokon gong har sett under aurefesten var Anders Kolstad frå Oslo. Han kom nærast den trekte vekta på 627 g. Fisken hans vog 647 g og dermed kunne han sleppe jubelen laus.

- Dette er heilt fantastisk og vi har berre så vidt starta. I morgon er det ein ny dag og laurdag står bilen og ventar, så dette blir kjempegreier, smilte mannen som hadde fiska med sluk i Jølstravatnet, men ikkje ville seie kvar, og som skulle bruke same plassen også neste dag. Kolstad var på fiskekonkurranse i Jølster for fjerde gong og kjem nok tilbake.



Festival er framtida

Arrangørane var sjølvsagt spente på korleis konseptet med tre dagar ville bli motteke, men etter at første dag var omme smilte dei om kapp heile gjengen.

- Vi hadde 159 fiskarar i dag og får ca 200 i morgon og det er vi veldig godt nøgde med. Alt tyder på at dette med tre dagar vil bli det som blir gjeldande framover. Vi er også glade for at trekkinga av "idealvekta" ved hjelp av lykkehjul vart så vellukka, sa ein svært smilande sjef for arrangementskomiteen, Finn Årdal. Han såg heller ikkje bort i frå at rekorden frå i fjor på 1160 fiskarar på laurdagen kan ryke.

- I fjor opplevde vi 200 påmeldingar på fredagen og laurdag føremiddag, så det kan godt skje, sa Årdal som hadde passert 900 fiskarar laurdag då vi snakka med han torsdag kveld.



Arrangørane kunne seie seg godt nøgde med første dag av fiskefestivalen. F.v.: prosjektleiar Tom Farsund, Karl Ivar Sunde, Finn Årdal og Øyvind Årdal

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

-Vi har fått tilbake nerven i premieutdelinga, sa prosjektleiar Tom Farsund om lykkehjulet som var i bruk for første gong torsdag.
Arrangørane kunne seie seg godt nøgde med første dag av fiskefestivalen. F.v.: prosjekyleiar Tom Farsund, Karl Ivar Sunde, Finn Årdal og Øyvind Årdal
Så glad blir ein som nett har vunne 20.000 kroner. F.v.: Tom Farsund, Anders Kolstad, Finn Årdal og André Sunde