Foto: Fjord1.

Positivt kvartal for Fjord1

Ferjeselskapet Fjord1 hadde eit resultat på 104 millionar kroner etter skatt i andre kvartal. Det er administrerande direktør Dagfinn Neteland fornøgd med.


– Sjølv om vi er i eit overgangsår med lågare volum og høge investeringar, har vi positive resultat i alle dei fire segmenta og ein driftsmargin på 33 prosent, som er på same nivå som i andre kvartal i fjor, seier Neteland i ei pressemelding.


Rekneskapane er prega av store investeringar i nye, miljøvennlege ferjer i samband med overtaking av nye kontraktar neste år. Avviklinga av ruta Halhjem – Sandvikvåg i Bjørnefjorden har òg medverka til lågare volum og omsetning i kvartalet.


Omsetninga i Fjord1 i første halvår er tolv prosent lågare enn i same perioden i fjor, men det er ein trend selskapet reknar med å snu når dei kjem i gang med fleire nye kontraktar neste år. (©NPK)