Heim   >   Fylket   >   Polsk mann sikta for menneskehandel

Polsk mann sikta for menneskehandel

Ein polsk mann i 40-åra er arrestert og sikta for menneskehandel. Mellom 30 og 40 bærplukkarar i Sogn og Fjordane kan ha vorte utnytta, ifølgje politiet.

Det stadfestar politiadvokat Bernt Dahlsveen i Vest politidistrikt til Bergens Tidende.

Mannen vart arrestert måndag ettermiddag i samband med eit tilsyn gjennomført av Arbeidstilsynet, ifølgje VG.

Polakken skal avhøyrast tysdag.

– Vi har òg planlagt fleire avhøyr med polske sesongarbeidarar gjennom dagen, seier Dahlsveen.

Tilsynet undersøkte arbeidsforholda for utanlandske bærplukkarar, ifølgje Bergens Tidende.

Mannen er sikta for å ha utnytta personar til arbeid gjennom eit bemanningsbyrå som formidlar sesongarbeidarar frå Polen til Noreg.

– Det er mistanke om at arbeidarane har så dårleg lønn og så lang arbeidstid og dårleg innkvartering, at det blir ramma av reglane i menneskehandelslovgivinga, seier Dahlsveen. (©NPK)