Pollestad vil sende pelsdyr i retur til Bollestad

Erstatninga til pelsdyrbønder som blir tvinga til å legge ned, er altfor dårleg, meiner Sp.


Partiet vil sende stortingsmeldinga i retur til regjeringa.


– Det er ingen tvil om at den foreslåtte erstatningsordninga vil føre til konkursar og økonomisk ruin for mange pelsdyrbønder. Dette er heilt i strid med alminnelege prinsipp for erstatning, seier Geir Pollestad i Senterpartiet, som er leiar i Stortingets næringskomité.


– Når vi no har fått kunnskap om konsekvensane for enkeltbønder som blir ramma, må det få konsekvensar. Det ryddigaste er at regjeringa får beskjed om å kome tilbake med ei erstatningsordning som hindrar tap for bøndene som må legge ned på grunn av politikken til regjeringa, seier han til NTB.


Frustrasjonen til pelsdyrbøndene kom til uttrykk i den opne høyringa til Stortingets i saka 8. mai.


– Talgrunnlaget for kompensasjonsordninga er for dårleg. Slik ho er foreslått i dag, vil pelsdyrbønder sitje i djup og livslang gjeld, sa Bertran Trane Skadsem, leiar i Norges Pelsdyralslag.



Politisk betent

Etter at KrF kom med i regjeringa i januar, har regjeringa fleirtal, og forbodet mot pelsdyrhald vart banka gjennom både i Jeløya-plattforma i fjor og i Granavolden-plattforma i år.


Men det politiske bakteppet er interessant: Pelsdyrforbodet er ein rein Venstre-siger, og Høgre, Frp og KrF ønsker alle å behalde næringa.


No er det opp til landbruks- og matminister Olaug Bollestad (KrF) å jobbe vidare med forslaget, sjølv om ho kjem frå Noregs største pelsdyrfylke og representerer eit parti som ønsker å behalde næringa.


Saka er no til behandling i Stortingets næringskomité, som i utgangspunktet har frist til 28. mai med å gi frå seg innstillinga si. Men dersom Sp får støtte til å sende stortingsmeldinga i retur til regjeringa, blir prosessen forlenga.



100 millionar

I regjeringsforslaget til korleis ein skal legge ned pelsdyrnæringa blir det tatt til orde for å forby pelsdyrhald umiddelbart, men med ein avviklingsperiode fram til 1. februar 2025 for dei som driv med oppdrett av pelsdyr i dag.


I det siste forslaget var kompensasjonsordninga forbetra samanlikna med det opphavlege forslaget. Mellom anna skal det takast individuelle omsyn i vurderinga, og ramma for midlane bøndene får til å omstille seg til anna verksemd, var auka frå 50 til 100 millionar kroner.


Pollestad viser til at fleire landbruksministrar har lova at ingen skal bli økonomisk skadelidande eller måtte gå frå gard og grunn på grunn av vedtaket. Han trur verken stortingsgruppene eller representantane til regjeringa i næringskomiteen var klar over «kor dårleg erstatningsordning regjeringa ville leggje fram».


– Om partigruppene på Stortinget ikkje vil vere eit ukritisk stemplingskontor for regjeringsforslaget, må dei avvise denne saka, krev Sp-politikaren.


Målet til Senterpartiet er at regjeringa skal snu og ikkje gå inn for forbodet, partiet meiner det i det minste må givast ei «skikkeleg erstatning» viss semja blir banka gjennom. (©NPK)