Foto: Vegard Wivestad Grøtt/NTB scanpix/NPK.

Politiet med fleire førarkortbeslag i kontrollveker enn i fjor


I tre veker i sommar stod det ekstra mange patruljar langs norske europavegar. Beslaga av førarkort steig 27 prosent i forhold til dei same vekene i fjor.




Utrykkingspolitiet (UP) trappa opp bemanninga i veke 24, 28 og 32, ifølgje Bergens Tidende.


Resultatet vart at 6.838 sjåførar vart tatt etter å ha køyrt for fort. Av desse mista 446 førarkortet.


Dei same vekene i fjor vart det til samanlikning stansa 6.224 råkøyrarar, og til saman vart 351 førarkort inndratt.


– Europavegane er vel dei tettast trafikkbelasta vi har. Og jo fleire vi kontrollerer, jo fleire tar vi, seier UP-sjef Runar Karlsen til BT.


Karlsen meiner altfor mange køyrar ulovleg fort og tar ein høg risiko. Han meiner politinærvær langs vegane er eit viktig tiltak.


– Vi kan snakke om ein førebyggande avskrekkingseffekt. Veldig mange vil innrette seg viss politiet er synleg langs vegen, og det er hovudføremålet vårt, seier han. (©NPK)