Home   >   Nyhende   >   Politiet kan ikkje lenger garantere pass på ti dagar

Foto: Jon Olav Nesvold/NTB scanpix/NPK.

Politiet kan ikkje lenger garantere pass på ti dagar

Leveringstida på pass er no to til tre dagar lengre enn normalt, opplyser Politidirektoratet fredag ettermiddag.

Den tekniske feilen er retta, men forseinkingane varer ved. Politiet anslår produksjons- og leveringstida på nye pass til 12–13 virkedagar.

– Situasjonen som har oppstått, er beklageleg. Dersom du nyleg har søkt om pass, ikkje har fått det i posten enno, men treng det dei neste 13 dagane, kan det vere aktuelt å søke om nødpass. For dei det gjeld og der garantitida er brote, vil politiet skrive ut nødpass kostnadsfritt, seier avdelingsdirektør Kristin Kvigne i politifagavdelinga i Politidirektoratet. (©NPK)