Home   >   Nyhende   >   Politiet dukka opp då svenskar fingra på smågodt

Det er ikkje alle som brukar spade til å plukke smågodt. Foto: Mariam Butt/NTB scanpix/NPK.

Politiet dukka opp då svenskar fingra på smågodt

Nyleg måtte ein butikk i Sverige kaste to øskjer med smågodt fordi to kundar plukka godteri med fingrane. Nordmenn er visstnok ikkje meir hygieniske.

Måndag rykte ein politipatrulje ut til ein butikk i Luleå i Nord-Sverige, etter  melding om to personar som stjal smågodt, fortel NRK. (Saka var først omtala av SVT.) Det viste seg derimot at personane hadde tenkt å betale for varene. Problemet var at dei brukte hendene i staden for spade til å fylle opp godteposane.

Butikken måtte derfor kaste to øskjer med smågodt av hygieniske grunnar, og kan kanskje ha krav på erstatning.

Dagleg leiar for godtebutikken Lucky Lips i Oslo, Sahar Hashemi, fortel til NRK at dei fleste kundane deira plukkar godteri med spadane, men at det skjer at nokre brukar fingrane.

– Då må vi kaste det, og nokre gongar ber vi kundane betale for det. Det kostar mykje pengar.

Seniorrådgivar i Mattilsynet, Catherine Signe Svindland, fortel til kanalen at bakteriar og virus frå hender, klede eller dråpesmitte kan vere ein risiko dersom ein kjøper godteri frå opne boksar.

– Det er vanlegvis liten risiko for matforgifting frå godteri, men du kan vere uheldig dersom kundane før deg har forureina godteriet med skadelege bakteriar eller virus. (©NPK)