Heim   >   Nyhende   >   Politiet bruker lengre tid på hasteutrykking

Foto: Gorm Kallestad/NTB scanpix/NPK.

Politiet bruker lengre tid på hasteutrykking

Responstida til politiet gjekk opp i 2018. Verken på mindre eller større stader vart tidskrava oppnådde for når politiet skal nå fram til ein åstad.

Etter oppmodingar frå 22. juli-kommisjonen har det frå 2015 vorte målt og stilt krav til responstid ved hasteoppdrag. Dette er tida det tek frå politiet blir varsla om ei alvorleg hending, til dei er på staden.

Krava er fordelte på tre kategoriar ut ifrå kor tettbygt området er. Rapporten til politiet over responstid i 2018, viser dette:

Stader med færre enn 2.000 innbyggarar:

6.882 hasteoppdrag

Krav om at halvparten av oppdraga skal ha responstid på 16 minutt eller kortare. Dette vart ikkje innfridd og utrykkingstida for halvparten av oppdraga låg på 16,6 minutt, mot 15,9 året før.

I tillegg blir det kravd at 80 prosent av oppdraga skal ha ei responstid på 30 minutt eller kortare. Dette vart heller ikkje innfridd. Svaret her vart 30,6 minutt, ein oppgang frå 29,4 året før.

Tettstader med mellom 2.000 og 20.000 innbyggarar:

2.598 hasteoppdrag

Kravet om at halvparten av oppdraga skal ha responstid på 10 minutt eller kortare vart ikkje innfridd, og tida for halvparten av oppdraga låg på 11,3 minutt, ein oppgang frå 10,8 året før.

I tillegg blir det kravd at 80 prosent av oppdraga skal ha ein responstid på 19 minutt eller kortare. Resultatet her vart 20,3 minutt, ein oppgang frå 19,1 året før.

Stader med 20.000 eller fleire innbyggarar:

10.410 hasteoppdrag

Krav om at halvparten av oppdraga skal ha responstid på 7 minutt eller kortare. Dette vart ikkje innfridd og grensa for halvparten av oppdraga låg på 7,8 minutt, mot 7,3 året før.

I tillegg blir det kravd at 80 prosent av oppdraga skal ha ei responstid på 11 minutt eller kortare. Dette vart heller ikkje innfridd. Svaret her vart 12,1 minutt, ein oppgang frå 11,3 året før.

Ikkje snitt

Politiet oppgir ikkje gjennomsnittstida for utrykkingane, og grunngir det på denne måten:

– Det er valt ikkje å uttrykke krav til responstid ved gjennomsnitt mellom anna fordi tidlegare resultata har vist at det var relativt stor spreiing rundt gjennomsnittet, og eit gjennomsnittsmål vil derfor vere mindre eigna til å uttrykke kva publikum kan forvente av politiet. (©NPK)