Denne flåten har vore i bruk i søket etter bilen som vart teken av ras 30. juli.

Politiet avsluttar søket

Politiet og hevingsarbeidarane i Jølster avsluttar forsøka på å finne mannen i 50-åra som vart tatt av eit ras i sommar, melder BT.


– I dag blir den siste dagen i denne omgangen. Så får vi vurdere andre tiltak seinare, seier lensmann Dag Fiske til avisa.


Politiet i Sunnfjord har fått pengar av politidirektoratet for å søke etter ein bil med ein mann i som vart tatt av eit ras 30. juli.


Ektefellen til mannen og tre vaksne barn er orienterte om at politiet no avsluttar søket.


– Familien er sjølvsagt skuffa, men samtidig er det ikkje heilt uventa. Det som har vore mest belastande opp i alt saman, er at det har tatt så lang tid, seier talsmannen for familien, Kjell Otto Gjesdal, til BT. (©NPK)