Polarheltinner i kultursalen

Komande laurdag, 9. februar, kan du få med deg eit flott foredrag i kultursalen på Sandane når Nordfjord folkehøgskule har invitert Sigri Sandberg.





Ho er ein dyktig formidlar som særleg har jobba mykje med polare strøk og polarhistorie. Denne kvelden skal ho snakke aller mest om temaet polarheltinner, der ho løfter fram barske damer som har vore pionerar på ekspedisjonar i kalde strok.





Sigri er både journalist og forfattar, og har jobba mellom anna i Aftenposten, magasinet UTE og Dagbladet. Ho har ei sterk formidlingsglede og er veldig underhaldande å høyre på. Det er difor god grunn til å møte opp på foredraget laurdag kveld.