Anga gratulerer kvarandre, medan Sandane er nede for teljing

Poengdeling i idrettsparken

Det er rart med slike kampar som skal og må vinnast. Dei går ikkje alltid som planlagt og slik vart det i Sandane Idrettspark i kveld.

Tabellsituasjonen før denne kampen var slik at Sandane truleg måtte ha tre poeng i resten av kampane for å komme forbi sterke Høyang. Anga skulle etter alt å døme ver ein overkommeleg kamp, men dei gule og blå kriga seg til eitt poeng etter å ha leia 0-1 ved pause.

Ein omgang kvar

Anga var eit hakk betre enn Sandane før pause, men i andre omgang såg vi eit heilt anna lag og halvvegs i omgangen sto det 2-1 til heimelaget. Men få minutt før sluttkrangla Anga inn utlikninga etter ein keepermiss. Det hjelpte ikkje at dei blå gjorde alt for ei ny skåring, poengdeling vart resultatet.

Det er nok Anga godt nøgde med, men for Sandane fekk håpet om opprykk eit stygt skot for baugen. Men ballen er rund og mykje kan skje. Alt håp er ikkje ute, fire kampar før sesongslutt.