Foto: Terje Bendiksby/NTB scanpix/NPK.

Plastkrava kan bli skjerpa for bøndene

Miljødirektoratet foreslår å gjere retur av landbruksplast obligatorisk. Det vil ikkje løyse problemet med å få selt plasten, meiner Grønt Punkt Norge, som fryktar for returordninga.


Forslaget frå Miljødirektoratet betyr at bønder må sortere ut plasten og sørge for at han blir levert til gjenvinning, skriv Nationen.


Grønt Punkt Norge driv retur av plast på vegner av næringslivet i Noreg og meiner returkravet vil gi stor miljønytte. Det løyser likevel ikkje problemet med å få selt plasten i marknaden, peikar gjenvinningsselskapet på.


Årsaka er at Kina har innført nye, strenge reglar for import av plastsøppel. Dermed blei det meir plastavfall i Europa, og prisen på avfallet fall.


Klima- og miljødepartementet meiner importstoppen har gjort det vanskeleg, men at dei europeiske landa må handtere situasjonen. Statssekretær Atle Hamar (V) seier til avisa at ein ei tid får leve med at plasten blir sendt til energiutnytting i staden for å gå til materialgjenvinning. (©NPK)