Heim   >   Nyhende   >   Pinsekøyring med hageavfall på hengar

Mange bruker pinsa på å stelle i hagen. Dermed er det også mange som skal ut med tilhengar for å kvitte seg med avfallet etter kvart. Illustrasjonsfoto: Kari Hamre/NPK.

Pinsekøyring med hageavfall på hengar

For mange betyr pinsehelg tid for å rydde i hage og bod og dermed også tid for å køyre bil med hengar. Vegvesenet går derfor ut med hengartips.

Vegvesenet har mellom anna ein tilhengarkalkulator, der du kan plotte inn registreringsnummeret på bilen og hengaren og kva for eit førarkort du har. Så kan du finne ut om du har lov til å flytte hageskrotet for eigen maskin.

Avdelingsdirektør Jørn Simonsen i Statens vegvesen seier i ei sak på nettsida deira at det også er grenser for kor mykje du kan laste på tilhengaren. I tillegg er det viktig med korleis godset er festa.

– For ofte ser vi tilhengarar på vegen der lasta ikkje er forsvarleg sikra. Kjem vi over noko slikt i ein kontroll, vil du få bruksforbod til du har sikra betre eller lasta om, seier Simonsen. Dei mest alvorlege tilfella blir politimelde, fortel han.

Fartsrestriksjonane når ein køyrer med tilhengar er absolutte. Dersom den har bremser, kan du køyre i maks 80 km/t. Dersom tilhengaren ikkje har bremser og har totalvekt over 300 kilo, er det 60 km/t som er det absolutte maksfarten.

– Det er viktig å vere klar over at dette gjeld uansett fartsgrensa på vegen, seier Simonsen. (©NPK)