LO-leiar Hans-Christian Gabrielsen er bekymra for at permitterte skal miste pensjon. Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix / NPK

Permitterte risikerer å miste pensjon




LO-leiar Hans-Christian Gabrielsen fryktar at mange permitterte kan miste retten til tenestepensjon dei har tent opp. No ber han regjeringa komme på banen.


Gabrielsens bekymring er knytt til arbeidstakarar som no opplever å bli permittert før dei rekk å møte kravet i innskotspensjonslova om tolv månaders opptening.


– Slik reglane er i dag for obligatorisk tenestepensjon i privat sektor, må du ha vore medlem av pensjonsordninga i tolv månader for å få med deg oppsparte pensjonspengar vidare, inkludert samla avkasting, forklarer LO-leiaren.


I fjor vedtok Stortinget ei ny lov der tolvmånaderskravet vart fjerna. Men den nye lova har enno ikkje teke til å gjelde.


– Det er eit hol som gjer at enkelte risikerer å miste retten til pensjon dei faktisk har tent opp, seier Gabrielsen til NTB.


Ifølgje han er det spesielt unge nytilsette og korttidstilsette som blir ramma.


Gabrielsen ber no regjeringa om å forsere iverksetjinga av lova, slik at tolvmånaderskravet blir fjerna umiddelbart.


LO ber òg regjeringa om å få på plass endringar som sikrar at arbeidstakarar som no er permitterte, ikkje blir utmelde av pensjonsordninga dei er medlem av. Dette har LO og NHO teke opp med regjeringa i fellesskap, ifølgje Gabrielsen.


– I dag er regelverket slik at mange kan bli utmeldt, åtvarar han.


(©NPK)