Illustrasjonsfoto: Kari Hamre/NPK.

Pengestøtte til regionalt fruktpakkeri i Sogn

Fruktverksemdene Sognefrukt i Leikanger, Innvik Fruktlager og Lærdal Grønt vil få 15 millionar kroner frå Sogn og Fjordane fylkeskommune til eit felles regionalt pakkeri i Lærdal.


Pakkeriet vil koste 75 millionar kroner og skal stå klart til sesongen 2021, fortelPorten.no.


Frukttrioen har jobba med prosjektet sidan oktober og er glade for fylkeskommunal støtte.


– Vi er veldig godt nøgde med bidraget frå fylkeskommunen. Samarbeidet mellom pakkeria har modna i fleire år, og når vi no er klare for å ta eit steg vidare på samarbeidet, er ei slik løyving viktig for å kunne realisere det, seier dagleg leiar i Lærdal Grønt Harald Blaaflat Mundal til avisa.


Det er over 200 fruktprodusentar i Sogn og Fjordane som leverer til dei tre pakkeria, og som også kjem til å nyte godt av desse midlane. (©NPK)