Eit systematisk arbeid blir no sett i gang for å gjere festivalane i Sogn og Fjordane meir miljøbevisste. Her frå Malakoff-festivalen i 2014. Foto: Benedikte Grov/NPK.

Pengegåve skal gje grønare festivalar i Sogn og Fjordane

Med hjelp av ei pengegåve på 650.000 kroner skal festivalane i Sogn og Fjordane bli meir miljøvennlege.


Måndag fekk musikkbransjeorganisasjonen Brak overrekt 650.000 kroner frå Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane til føremålet.


– Festivalar og andre større arrangement er heilt klart viktig for trivsel og kultur i samfunnet, og om vi i tillegg kan gjere dei meir miljøvennlege, så er det veldig positivt, seier administrerande direktør Trond Teige i Sparebanken Sogn og Fjordane til Firda.


Bransjeorganisasjonen Brak har klare planar for korleis pengane skal brukast. Etter mal frå Øyafestivalen skal organisasjonen utarbeide eit program der alle festivalane i fylke etter tur skal få opplæring i korleis dei skal bli meir miljøbevisste. Det skal også utviklast eit eige kontroll- og sertifiseringssystem for tiltaka.


– Festivalane Malakoff, Utkant og Førdefestivalen er med i prosjektet frå og med i år, seier prosjektansvarleg for Brak Sogn og Fjordane Elise Hessevik.


Ho fortel at Malakoff og Førdefestivalen alt har lang erfaring med miljøarbeid og sertifisering, og at prosjektet skal byggje vidare på dette. Også Øyafestivalen og interesseorganisasjonen Norske Konsertarrangører er med i samarbeidet om å gjere festivalane i Sogn og Fjordane grønare. (©NPK)