Home   >   Nyhende   >   Pelsdyralslaget godt nøgd med eiga undersøking

Foto: Alf Ove Hansen/NTB scanpi/NPK.

Pelsdyralslaget godt nøgd med eiga undersøking

I ein fersk intern kontroll Norges Pelsdyralslag har utført blant 515.000 pelsdyr blei det funne 290 dyr med sjukdom eller skade. Det er eit resultat Pelsdyralslaget er godt nøgd med.

– Eg blei veldig stolt då eg såg desse tala, seier kommunikasjonssjef Guri Wormdahl i Noregs Pelsdyralslag til Nationen.

Ifylgje Pelsdyralslaget viser undersøkinga at det berre er 0,6 prosent av pelsdyra som er skadde eller sjuke og at dei aller fleste pelsdyra er friske.

Mattilsynet, som gjennomfører eigne inspeksjonar i næringa, har også inntrykk av at dyrehaldet i pelsdyrnæringa har blitt betre.

– For fire, fem år sidan var det mykje oppstuss med mykje dårleg pelsdyrhald, og Mattilsynet gjennomført mange tilsyn. Etter det har det blitt mykje betre, seier seksjonssjef for dyrevelferd Torunn Knævelsrud i Mattilsynet til avisa.

Jurist og kommunikasjonsleiar Lise Kleveland i Dyrevernalliansen synest det er bra at kontrollane med pelsdyrnæringa har blitt betre, men peikar likevel på at det først og fremst er driftsforma som gjer at organisasjonen ønskjer ei avvikling av næringa. (©NPK)