Home   >   Nyhende   >   Pelsboikott på London Fashion Week

Det blir ikkje pels å sjå under London Fashion Week, som opnar. Foto: Nina Eirin Rangøy/NTB scanpix/NPK.

Pelsboikott på London Fashion Week

Catwalken blir heilt fri for pels under London Fashion Week, som opnar torsdag. Det viser ein rundspørjing blant dei leiande moteskaparane.

British Fashion Council (BFC), som har gjennomført rundspørjinga, meiner haldningsendringa til pels blant moteskaparane speglar «kulturelle endringar».

Under London Fashion Week i februar demonstrerte dyrevernarar og pelsmotstandarar mot moteskaparane og skulda dei for å ha «blod på hendene».

Torsdag kunngjorde det britiske luksusmerket Burberry at dei ikkje lenger vil bruke ekte pels i produkta sine.

– Moderne luksus betyr å vere sosialt og miljømessig ansvarleg, sa Burberry-sjef Marco Gobbetti.

Aktivistane i People for the Ethical Treatment of Animals (PETA) gler seg over haldningsendringane i motebransjen.

– Godt gjort av moteskaparane på London Fashion Week, som kvittar seg med pels denne sesongen, tvitra dei fredag. (©NPK)