Heim   >   Fylket   >   Peikar på Vestlandet som stad for avfallsdeponi

Ekspertutvalet ved utvalsleiar Ingrid Riddervold Lorange leverte rapporten om farleg avfall til klima- og miljøminister Ola Elvestuen (V) måndag morgon. Foto: Ole Berg-Rusten/NTB scanpix/NPK.

Peikar på Vestlandet som stad for avfallsdeponi

Eit ekspertutval meiner Brevik kan bli sett bort frå som eit alternativ for deponi for farleg avfall. I staden peikar dei på Nesset, Odda eller Gudvangen.

Dagens deponi på Langøya er fullt i 2022. Miljødirektoratet gav i november i fjor grønt lys for lagring av uorganisk farleg avfall i Dalen gruver i Brevik i Porsgrunn. Dette har møtt tydeleg lokal motstand i Porsgrunn og nabokommunen Bamble.

Regjeringa nedsette eit ekspertutval om farleg avfall i april i år. Utvalet la måndag fram vurderinga si.

Utelukkar Brevik

Mykje av årsaka til at utvalet ser bort frå Brevik som alternativ, er at sementprodusenten Norcem har vedtatt vidare drift i Dalen gruver.

– Det låg som ein grunnleggande premiss i den opphavlege utgreiinga at ein såg på ledige gruverom, der det var avslutta drift. Når det finst andre alternativ, bør ein heller konsentrere seg om å legge til rette for at dei blir ein realitet, seier utvalsleiar Ingrid Riddervold Lorange.

Utvalet peikar i staden på Raudsand i Nesset i Møre og Romsdal, fjellmassivet Mulen i Odda i Hordaland og Jordalsnuten i Gudvangen i Sogn og Fjordane.

Det er ikkje gjennomført ein djuptgåande analyse av Odda og Gudvangen, understrekar Lorange.

– Men det er seriøse aktørar som har jobba fram desse alternativa, og vurderinga vår er at dette er reelle og solide initiativ, seier ho.

– Umogleg med statleg regulering no

Ordførar i Porsgrunn, Robin Kåss, er fornøgd med at det blir peika på andre alternativ enn Brevik

– Uavhengig av kva slags påfunn regjeringa kjem med no, så vil det vere umogleg for dei, med lovverket i dag, å bruke statleg regulering i Brevik etter ein slik rapport, seier han.

Klima- og miljøminister Ola Elvestuen (V) understrekar at det ikkje ligg noka avgjerd om statleg regulering. Han seier at dei tar med seg tilrådingane frå utvalet i det vidare arbeidet.

– Dette er ei tydeleg tilråding frå utvalet, men det er eit sett av tilrådingar. Både korleis ein kan få ned mengda farleg avfall og korleis ein kan etablere ein marknad for tilstrekkeleg deponikapasitet for farleg avfall, seier han. (©NPK)