Pederhusveka med rikhaldig program

Denne veka blir Pederhuset på Råd offisielt opna. Huset til spelemannen Peder Råd (1915-1997) er blitt eit hus som skal minne oss på den lokale kulturarven innan mellom anna musikk, historier og forteljarglede.

Pederhuset blir offisielt opna fredag, men i fire dagar til ende blir det ulike aktivitetar under paraplyen Pederhusveka.

Torsdag er det duka for samtale og musikalsk dialog mellom Ove Eide og initiativtakar til å gjere Pederhuset om til eit påminningshus, Sigrid Moldestad. Temaet er bygdediktarane, kven var dei og kva skreiv dei? Etterpå blir det Breimsblues med Jørgen Sandvik, før det heile blir avslutta med siste slåtten meisterspelemannen Anders Reed spelte i mange bryllaup.

Fredag blir det mellom anna eit tilbakeblikk på revybygda Breim og offisiell opning av huset. Språkdronninga og dialektentusiasten Linda Eide kjem for å bidra. Ho er også ein ekte ven av Pederhuset. Ho skal halde foredrag om forteljingane.

Sidan 14. juni var Peder Råd sin bursdag, blir det ekstra kalas og bursdagsfeiring med musikk, allsong og suppe utover kvelden.

Laurdag er programmet tett. Det blir musikalsk vandring langs skogsvegen på skuggesida, barneframsyning, kafé, familiedag og konsert ved Pederhuset, i tillegg til kyrkjekonsert med kammerorkesteret Ensemble Allegria og Sigrid Moldestad. Om kvelden blir det flakedans med ei rekkje spelemannslag.

Søndagen byr mellom anna på bokslepp for boka om diktarpresten Claus Frimann og konsert med Elin Grytting.