Heim   >   Nyhende   >   Pårørandeaksjonen krev eit «FAU» for pårørande

Illustrasjonsfoto: Frank May/NTB scanpix/NPK.

Pårørandeaksjonen krev eit «FAU» for pårørande

Leiaren i den nasjonale Pårørandeaksjonen, Anita Vatland, meiner pårørande blir sett på som brysame. Ho vil at alle kommunar skal opprette eit utval for pårørande.

Vatland vil at regjeringa skal pålegge alle kommunar og stadar der det blir gitt omsorg om å opprette utval etter modell frå FAU i skuleverket, melder NRK Sogn og Fjordane.

Nyleg varsla NRK om at ein eller fleire tilsette ved sjukeheimen Kulatoppen i Vågsøy med overlegg hadde klipt av alarmsnora til ein pasient om natta. At dottera til pasienten oppdaga situasjonen, var tilfeldig. Denne saka har skaka leiaren for pårørandeaksjonen.

Pårørandeaksjonen meiner eit eige brukarutval vil kunne lette situasjonen for dei pårørande.

– Då kan saker bli tekne opp med leiinga på ein profesjonell måte. Dei kan ein få ei formell stemme og sleppe å stikke hovudet fram åleine. Det er det mange som er redde for i dag, seier ho til NRK Sogn og Fjordane.

Vatland meiner at det i dag er ei utfordring for pårørande innanfor eldreomsorga at ein ikkje har ein stad å gå. Ho vil at eldre, pleietrengande og deira pårørande skal få eit eige lovpålagt utval på kvar einaste institusjon. (©NPK)