Home   >   Nyhende   >   Pårørande får levere mat til sjukeheimen

Foto: Kari Hamre/NPK.

Pårørande får levere mat til sjukeheimen

No får pårørande lov til å selje eller gi bort sjølvplukka frukt, bær, grønsaker og eigenfiska fisk til institusjonar utan å melde frå til Mattilsynet først.

Både dei pårørande og kjøkkenet ved institusjonen har likevel plikt til å sørgje for at maten er trygg å ete. Institusjonane kan takke nei viss dei meiner varene ikkje er trygge nok.

– Byråkrati og offentleg regelverk bør ikkje vere til hinder for gode lokale løysingar for å få tak i lokale råvarer, seier statssekretær Hanne Maren Blåfjelldal (Frp) i Landbruks- og matdepartementet.

– Pårørande skal enkelt kunne levere mat til institusjonar som ønskjer å bruke lokale råvarer. Derfor har vi saman med Mattilsynet presisert tolkinga av regelverket slik at fleire kan nytte seg av tilbodet, seier ho. (©NPK)