– Vi treng foreldre som engasjerer seg, eller andre som har eit hjarte for handballen i Gloppen, seier nestleiar Anita Lothe (t.v.) og leiar Hildegunn Austrheim.

På jakt etter ny leiar i klubben

Gloppen Handballklubb er på jakt etter ein ny leiar. – For å drive dette idrettslaget vidare, er vi avhengige av at mange bidreg med frivillig innsats. Ikkje minst er det viktig at nokon tek på seg å vere leiar, seier Hildegunn Austrheim og Anita Lothe.

Gloppen Handballklubb skal ha årsmøte 16. mars, og i forkant av dette har valnemnda arbeidd med å få kandidatar til både styret og økonominemnda.

Ni lag i år

– Dei har funne kandidatar til stort sett alle verv, men slit med å få dei to siste brikkene på plass. Dei manglar leiar og nestleiar i styret. Difor ønskjer vi å gå litt breitt ut for å høyre om nokon kan tenkje seg desse oppgåvene. GHK er som ei lita bedrift med eit årsbudsjett på over ein million kroner, og vi bør ha ein ny leiar på plass til årsmøtet, seier Hildegunn Austrheim og Anita Lothe, og håpar nokon vil melde seg.

Gloppen Handballklubb er ein overbygningsklubb for dei andre idrettslaga i kommunen.

– Det yngste laget vi har i dag er J14, og denne sesongen har vi til saman ni lag i klubben. Talet lag og spelarar har auka kraftig dei seinare åra, og det er sjølvsagt kjekt. Samtidig krev dette eit større støtteapparat i klubben. Vi er avhengige av at det blir ytt ein stor frivillig innsats, ikkje minst frå foreldra til spelarane, seier dei.

Stiller opp og hjelper
Økonomien i klubben er på stell, og det er blitt laga instruksar og system som gjer det lettare å drifte klubben.

– Det skal vere lett for andre å ta over oppgåver som skal utførast. Økonomigruppa vår jobbar godt med å skaffe inntekter til klubben, og vi har eit sportsleg utval som har ansvar for å skaffe trenarar og bidra til utvikling av spelarar, seier Austrheim.

I ein overgangsfase vil både Austrheim og Lothe hjelpe den nye leiaren og nestleiaren så godt dei kan.

– Det er sjølvsagt ein del ting som leiar og nestleiar må setje seg inn i. Leiar har kontakt med regionnivået i forbundet, og har det overordna administrative ansvaret. Nestleiar syter for god informasjon ut mot dei ulike laga og oppmennene, har ansvar for drakter og arrangement. Vi vil bidra med råd og rettleiing etter beste evne, slår dei fast.