Illustrasjonsfoto: Gorm Kallestad/NTB scanpix/NPK.

På feil adresse i Førde

Ein kar i Førde, ikkje heilt edru, måtte takast hand om av politiet etter at han fleire gonger hadde ringt på ei dør og ikkje ville gje seg. Det synte seg at vedkommande, som stilte i shorts og elles tynnkledd, budde tre kilometer unna. Politiet køyrde han til rett hus og seng. dei hadde elles litt slosting og anna bråk å ta seg av i Sunnfjordbyen.