Silje Fossheim er ferdig med tredje studieåret på By- og regionsplanlegging ved Norges Miljø og biovitenskapelige universitet (NMBU) på Ås. Denne sommaren har ho kartlagt Sandane sentrum med tanke på universell tilgjengelegheit. Hallingsvinkelen på «trillevegen» opp til banken er 2,4 grader, og får godkjentstempel av Fossheim.

– Øvregata manglar handikapp-parkering

– Øvregata manglar handikapp-parkering, noko som er lett å gjere noko med. Elles er Sandane ganske bra tilrettelagt for personar med syns- eller rørslehemming, er domen frå Silje Fossheim.

Denne sommaren har ho brukt to veker på å kartlegge Sandane sentrum med tanke på universell utforming. Gloppen kommune har fått tildelt midlar frå Statens kartverk til dette formålet. Alle parkeringsplassar, tilgang til butikkar og offentlege bygg blir no registrert. I tillegg er Grandaparken og parkanlegget knytt til gjestehamna bli kartlagt.

Tilrettelegging og planlegging
Det kunne ha vore mykje verre på Sandane, skal vi tru Silje, som er ferdig med tredje studieåret av ein mastergrad på By- og regionsplanleggingsstudiet ved Norges Miljø og biovitenskapelige universitet (NMBU) på Ås.

– Sandane er ganske godt tilrettelagt for dei som er rørsle- og synshemma. Eg har hatt dette som eige fag på studiet, og som ein del av det, måtte studentane prøve å kome seg fram både med bind for auga og i rullestol. Det kan vere veldig vanskeleg, fortel Silje.

Måleband og vater
Fossheim har saumfare sentrum, mellom anna med måleband og vater.

– Det er ofte småting som manglar. Kontrastfargar på trapper slik at dei vert lettare for synshemma å gå i, eller at det er litt for langt opp frå underlaget og til gåtta i butikken eller kafeen. Det kan vere lagt ein rampe som kan brukast av rullestolbrukarar, men så er det meir høgdeforskjell enn 2,5 centimeter, som skal vere maksimum. Men næringsdrivande vil ikkje få noko pålegg om å utbetre manglane, understrekar Fossheim.

Gode søkjeordningar
Ho peikar på at handikapp-parkering i Øvregata etter hennar meining er naudsynt, fordi det er for bratt å trille motbakke opp Skarsteinsbakken eller Flølokrysset. Elles er det mykje bra å sjå, mellom anna var rutebilstasjonen godt tilpassa rørslehemma.

– Det mange ikkje veit, er at det finst mange gode og rause søkjeordningar som òg private kan nytte seg av. Desse gjev støtte til tiltak som fremjar universell tilgang.

Rapport
Ho er no ferdig med å samle inn data. Så skal ho skrive ein rapport til kommunen, og legge informasjonen ho har funne inn i norgeskart.no, som er open for alle.

– Eg veit at rullestolbrukarar brukar å logge seg inn på databasen for å sjekke kvar dei kan parkere når dei skal til ein ny plass, fortel Fossheim.