Sofie Kvernevik, Severine Søgnesand og Andrine Gald Myklebust har god tru på og gleder seg til å vise musikalen «Hair!»

Øver for fullt til årets musikal





På Firda vidaregåande skule har det vore full køyr med øving for tredje klasse musikk, dans og drama. Fredag og laurdag skal musikalen «Hair!» synast i kultursalen i Trivselshagen.





– Eg trur dette vert veldig bra. Vi har øvd i eitt sidan nyttår, og eg kjenner meg klar, sjølv om vi har sett ny rekord på skulen i å lage musikal på kort tid. Vi har øvd skikkeleg, effektivt og har samarbeidd godt, fortel Sofie Kvernevik frå danselinja.





Rockemusikal frå 1967





Musikalen «Hair!» tek føre seg møtet mellom to motkulturar i USA på 1960-talet. Hippiane møter dei rike, og ein får sjå korleis møtet mellom dei sosiale gruppene klaffar.





– I denne framsyninga får ein følgje Claude når han flyttar til New York etter å ha verva seg til krigsteneste. Ikkje alt går etter planen, då «bondeknølen» som han vert kalla, kjem mellom dei to motkulturane, forklarer Severine Søgnesand frå musikklinja.





Sofie Kvernevik legg til at som i alle musikalar, har også denne litt romantikk, då Claude møter overklassejenta Sheila. Desse to får kjenne godt på gruppekonflikten som 60-talet var prega av.





Slitsamt prosjekt





– Det har vore veldig kjekt, men tungt og slitsamt å jobbe med musikalen. Mot slutten av dagen orkar vi nesten ikkje å gå heim ein gong, vi vil berre bli sitjande der vi er, seier Søgnesand.





  – I tillegg har det vore svært sosialt. Det er slitsamt på ein annan måte aldri å få pause frå kvarandre, men det er fint at dei ulike klassane er blitt så godt kjende, smiler Kvernevik.





Andrine Gald Myklebust går dramalinja.





– Dagane går i surr, og den siste veka har vi ikkje sett dagslys, ler ho.





Dei legg vekt på at dette har vore svært lærerikt og spennande, og noko heilt nytt. Dei synest det er fint å få gjere noko heilt anna enn det vanlege på skulen.





– Vi gjer det same kvar dag, så dagane heng på ein måte saman. Det kjennest ut som prosjektet starta, og er ferdig med éin gong. Vi har vore så oppslukte og jobba intenst. Det blir nok uvant plutseleg å vere ferdige, fortel dei.





Håpar på fulle salar





Premieren fredag er nesten utseld, men til laurdag er det enno nokre billettar att. Jentene håpar på fullsett sal begge dagane.





– Eg har svært høge forventningar, eg trur dette kjem til å gå bra. Vi får håpe mange tek turen og tek imot musikalen med stor jubel, smiler Sofie Kvernevik.





Dei fortel at den største utfordringa blir dei raske klesskifta mellom scenene. Somme tider går dei ut av scena som hippie, og startar neste scene som politi.





– Nokre gonger kan vi nok kome på scena med smekken open, eller med éin sko. Det vil tida vise, ler Severine Søgnesand.