Så langt i sommar er 144 båtførarar blitt meldt av politiet for å overskride promillegrensa, viser tal NRK har henta inn frå politidistrikta. Illustrasjonsfoto: Terje Pedersen / NTB scanpix / NPK

Over 140 båtførarar tatt med for høg promille i sommar

I juni og juli vart fleire enn 140 båtførarar tatt med promille over den lovlege grensa på 0,8 på sjøen, ifølgje NRK.


Tal NRK har fått tilsendt frå politidistrikta i landet viser at 144 båtførarar har vorte melde for overskriding av promillegrensa i juni og juli. Vest politidistrikt er ikkje med i oversikta.


Langs kysten på Sørlandet vart dobbelt så mange båtførarar tatt med promille på over 0,8 prosent i 2018 som i 2017. Agder politidistrikt opplyser at måndag nådde talet på promillemeldingar for juni og juli 60, noko som er like mange som i fjor sommar.


– Vi er bekymra for det høge talet, og det ser ut som vi kan få ein auke i forhold til tidlegare år, seier Sverre Birkeland i Agder politidistrikt til kanalen.


(©NPK)