Ørjan Sundal er glad i heimstaden sin, og har foreviga postnummeret til Sandane med ei tatovering på armen.

Ørjan drøymer om å drive barnehage på Sandane

Namn: Ørjan Sundal


Alder: 24 år


Sivil status: Sambuar


Bustad: Bergen


Yrke: Studerer til å bli barnehagelærar


 

Kva er din favorittaktivitet i ferien?

– Det er å treffe vener eg ikkje ser så ofte elles i året. Vi spelar mykje fotball i lag, så det må nok vere favorittaktiviteten.

Kva blir høgdepunktet i sommar?

– Høgdepunkta har allereie vore. Malakoff er alltid eit høgdepunkt om sommaren, og gutetur til Krokpollen var veldig kjekt.

Om du var guide for ein dag, kva ville du syne fram på heimstaden din?

– Som dei fleste andre, ville eg synt fram Trivselsskogen og Draumekvila. Eg ville også vist fram det flotte anlegget vi har i Trivselshallen.

Kva meiner du er den beste sommarmaten?

– Eg er veldig glad i grillmat, og legg gjerne sommarkotelettar på grillen. Då må eg ha potetsalat og ein frisk grøn salat som tilbehøyr. Til dessert et eg jordbær, det er det blitt mykje av i sommar.

Kvar er ditt ferieparadis og kven vil du ta med dit?

– Hytta i Sundalen er ferieparadiset mitt. Der har eg gode minne frå eg var heilt liten. På hytta er det lite folk i nærleiken, så ein får fred og ro. Eg ville tatt med meg kjærasten, Emilie, på hytta.

Kva greier du deg ikkje utan om sommaren?

– Bilturar i finvêr med vindauga nede og god musikk må til om sommaren.

Favoritt dialektord eller -uttrykk?

– Eg brukar ordet «gøtt» mykje i kvardagen. Elles tykkjer eg «hi sida» er eit godt dialektord. Studiekameratane mine i Bergen har vanskeleg for å forstå kva eg meiner når eg seier det.

Kva for drikke kjøler du deg ned med i sommarvarmen?

– Iskald Pepsi Max, helst på boks, er mi favorittdrikke om sommaren.

Kva skal til for at du skal kome i sommarstemning?

– Finvêr og fri er i grunn det einaste som skal til for at eg kjem i sommarstemning. Den brukar å kome med éin gong finvêret kjem.

Kven vil du helst ta ein sjølvi med og kvifor?

– Eg har vore Leeds-fan heile livet, så det må bli Marcelo Bielsa, manageren til Leeds fotballklubb. Etter han tok over som manager, ser det ut som vi går lysare tider i møte på fotballbana.

Kva for musikk får deg i godt humør?

– Det går mest i hip-hop-musikk, men om sommaren høyrer eg på litt meir tropisk musikk, som til dømes Kygo. Eg blir i godt humør og kjem i sommarstemning av tropisk musikk.

Kvar tar du helst ein dukkert?

– Om eg får bestemme sjølv, reiser eg helst til Selvågane for ein dukkert. Det er lenge sidan eg har bada der. I sommar er det blitt ein del bading, både på Rygg og ved gjestebrygga.

Kva likar du best – tidleg morgonstemning eller seine sommarkveldar?

– Seine sommarkveldar. Eg står opp relativt tidleg, men det er noko spesielt med seine sommarkveldar. Eg likar godt å sitje ute og sjå på solnedgangen på kveldinga.

Kva drøymer du om?

– Draumen min er å opne ein barnehage på Sandane, og då helst ein friluftsbarnehage. Eg studerer til å bli barnehagelærar, og går på ei linje som heiter natur, helse og bevegelse.

Kven vil du sende ei sommarhelsing til?

– Eg vil sende ei sommarhelsing til familien min og til alle sandensarar.