Heim   >   Nyhende   >   Oppmoding frå regjeringa: Gi handverkarane oppdrag!

Illustrasjonsfoto.

Oppmoding frå regjeringa: Gi handverkarane oppdrag!

Dette kan vere eit godt tidspunkt for å få gjort reparasjonar og vedlikehald i heimen, seier justis- og beredskapsminister Monica Mæland (H).

Ifølgje Mæland er det mange som har spurt om det er trygt å bruke snikkarar, røyrleggjarar og elektrikarar no, eller om ein i staden bør vente til viruskrisa er over med å få handverksarbeid gjort i heimen.

Regjeringa sitt svar er eit klart ja til bruk av handverkarar no:

– Viss både handverkaren og den som bruker handverkaren er frisk og ikkje i karantene, så kan ein gjerne bruke handverkarar. Her, som på alle andre område no, så handlar det om å ta forholdsreglar. Hald avstand, ha god handhygiene og unngå fysisk kontakt, seier Mæland.

Dei som har råd til det, kan på denne måten bidra til å halde dei økonomiske hjula i samfunnet i gang.

– Viss ein har eit vindauge som bør skiftast, lamper som skal koplast opp, eller ein vask som lek, så kan dette vere eit veldig fornuftig tidspunkt å få gjort noko med det på, seier Mæland.

(©NPK)