Oppmodar til gjerde-sjekk

Statens vegvesen oppmodar grunneigarar med gjerde langs veg til å ta ein sjekk på gjerda, utbetre dei som er nedslitne og fjerne gjerde som ikkje lenger er i bruk. Det vil gjere jobben lettare for dei som driv kantslått langs vegane.

- Vi har og hatt mange uhell med at gjerdenetting og stålstreng ligg i graset og viklar seg inn i kanstlåttmaskina. Dette er svært farleg for den som sit i maskina, seier Lars Erik Karlsen i Statens vegvesen.

Driftsentreprenørane som driv kantslått har kvart år problem med dårlege gjerde som står lang riks- og fylkesvegar. Karlsen vil difor kome med ei oppmoding no når vi går inn i vekstsesongen for gras, buskar og kratt:

- Det hadde vore fint om dei som har gjerde langs veg tek seg ein runde for å sjå til gjerda, gjer naudsynt vedlikehald og eventuelt fjernar gjerde som ikkje er i bruk. Mange held gjerda sine godt og passar på, men nokre gjerde står til nedfalls og vert ikkje vedlikehalde. Nokre stader haller gjerda inn mot vegen og hindrar kantslått og gjer det vanskeleg for oss å få fine vegkantar.  Og nokre stolpar står som spyd inn mot vegen og kan utgjere ei fare, seier Karlsen.

I «Forskrift om gjerde ved offentleg veg» står det mellom anna at gjerde langs veg skal vedlikehaldast forsvarleg. Stolpane skal stå vertikalt med maks 2,5 meters avstand og tråd og netting skal vere godt stramma. Det er ulovleg å bruke gjerde med piggtråd inn mot veg. Også steingjerde skal vedlikehaldast, og utbetrast om det er behov. Elektrisk gjerde skal vere montert etter krav frå DSB. Plasseringa av gjerde er normalt i grensa mellom veggrunn og naboeigedomen.