Home   >   Nyhende   >   Pangopning på laksefiske

Laksefiske i Gloppeelva. (Arkivbilete)

Pangopning på laksefiske

Natt til torsdag 1. juni opna årets laksesesong også i Gloppeelva. Og rapportane i går morgon fortalde om ein finfin start.

Fire laksar vart tekne i løpet av den første natta. Det er ikkje kvardagskost å få laksar på over 13 kg, første natta landa ein like godt to! Den eine var på 13,5 kg, den andre på 13,4 kg og dei to minste på 8,3 og 2,5 kg. Litt av ei pangopning med andre ord.

Det er ikkje alle som er glade for det kjølige nordaveret, men for starten av laksefisket i Gloppeelva er det rekna for å vere gunstig. Det slo til denne gongen også, i tillegg er elva stor og fin.