Neste veke er det eksamenskonsertar for 3. klassingane på Musikklinja på Firda. Dette biletet er frå musikalen Moulin Rouge i vinter.

Opne eksamenskonsertar på Firda vidaregåande skule

Tysdag startar eksamenskonsertane for avgangselevane på Musikklinja på Firda vgs. 20 elevar skal vise kva dei har lært på sine hovudinstrument dei tre åra dei har vore elevar ved skulen på Sandane.


Det blir tre dagar med mykje og veldig bra – for ikkje å snakke om gratis – levande musikk av høg kvalitet, kan lærarane på musikklinja fortelje.

Det vert konserter med klassisk musikk og rytmisk musikk. Konsertane føregår i Kultursalen i Trivselshagen og Sandane kyrkje.

Konsertar på dagtid

Publikum er svært velkomne i salen – folk som høyrer på er jo ein del av gamet for utøvande musikarar. Men sensureringa er overlaten til spesielt innkalla fagfolk.

Som tidlegare år kjem sensorane frå andre fylke i landet. Eksamenskarakterane brukar å ligge høgt, og for skulen er det eit kvalitetsstempel.

Kvart år sender vi elevar til Norges Musikkhøyskole og andre høgskular for vidare utdanning innan musikk og utøving på ulike instrument. Det stadfestar at mange er på landsnivå på sitt instrument.

Kultursalen og Sandane kyrkje

Kultursalen er velkjend som konsertlokale på Sandane. Salen har proff-utstyr både på lyd og lys, og kjende band og artistar trivst og kjem gjerne tilbake for å halde konsertar. Det er difor ekstra flott å kunne halde eksamenskonsertane for elevane våre der. Elevane ser fram til denne dagen som dei har øvd fram mot i tre år.

I år vert også Sandane kyrkje nytta som lokale for ein klassisk songar.

Ein dag med gitar, trompet, trombone, saksofon og slagverk, og ein dag med songarar.

Same instrument 

Av praktiske årsakar – ikkje minst av omsyn til eksterne sensorar – blir dagane fylte opp med same instrument. Det betyr for eksempel at tysdag blir det ein dag full av gitar, blåsarar og slagverk. Her blir det ei blanding av klassisk og rytmisk musikk.

Onsdagen vert det i hovudsak songarane sin dag.

Dei enkelte konsertane varer 20-25 minutt. Så blir det 10 minutt pause før neste konsert. Då sensurerer sensorane, medan publikum kan gå eller kome til neste konsert.