Heim   >   Nyhende   >   Opnar for fleksibel skulestart

Illustrasjonsfoto: Gorm Kallestad/NTB scanpix/NPK.

Opnar for fleksibel skulestart

Kommunar bør prøve ut ordningar for fleksibel skulestart for barn. Få barn får nytte seg av denne moglegheita i dag, ifølgje Kunnskapsdepartementet.

Regelverket gir rom for at barn kan få utsett eller tidlegare skulestart, men under to prosent av elevane nyttar seg av denne moglegheita i dag, opplyser departementet.

– Tilpassa opplæring er eit sentralt prinsipp i norsk skule. Det er skulen som skal tilpasse seg barna, og ikkje barna som skal tilpasse seg skulen. Alle elevane skal ha det trygt og godt på skulen og få best mogleg utbytte av opplæringa, seier kunnskaps- og integreringsminister Jan Tore Sanner (H).

Ordningane kan til dømes vere ulike modellar for tidspunkt og praksis rundt skulestarten til barnet eller fleksibel bruk av personale mellom barnehage og skule. Kommunar kan òg ha foreldresamarbeid ved overgang frå barnehage til skule som eit særleg satsingsområde, foreslår Sanner.

Utdanningsdirektoratet vil sende ut invitasjon til kommunar om å vere med på utprøving av nye modellar for fleksibel skulestart 20. august. (©NPK)