Heim   >   Kultur   >   Opera høgt til fjells

Elisabeth Gimmestad. Foto: Andreas Eikeseth Nygjerd.

Opera høgt til fjells

Jonsokaftan blir feira på utradisjonelt vis på Hoven, 1011 m.o.h. Operasongarane Eivind Kandal og Elisabeth Gimmestad frå Gloppen, og pianist Andreas Løken Taklo frå Eikefjorden lovar storslått midtsommarmusikk på fjellet.

Eivind Kandal kjem frå Kandal i Gloppen. Han er ein ettertrakta frilanssongar som gjer oppdrag over heile Norge. Han har utdanninga si frå Operaakademiet i København og Operahøgskulen i Oslo.

Store talent
Dette året er han solistpraktikant ved Den Norske Opera & Ballett. Elisabeth Gimmestad er sopran og kjem frå Sandane i Gloppen. Elisabeth har bachelor frå Universitetet i Stavanger og Conservatorio di Musica Santa Cecilia i Roma, og har master frå Norges Musikkhøgskole i Oslo. I haust song Elisabeth blant anna rolla som Grete i Hans og Grete ved Bergen Nasjonale Opera og ho har tidlegare sunge for Opera Nordfjord.

Eivind Kandal. Foto: Den Norske Opera & Ballett.

Eivind Kandal. Foto: Den Norske Opera & Ballett.

Prisvinnande pianist
Andreas Løken Taklo vart født i Florø og vaks opp på Grov i Eikefjorden. Han byrja som niåring å spele piano ved kulturskulen i Florø. Då han var femten år fekk han Elena C. Sirnes som lærar.

Interessa for spelinga og klassisk musikk kom fort. Ho tok han med på pianokonkurransar i Russland og Italia, der han har vore prisvinnar fleire gongar.

Konsert og jonsokfeiring
Konserten vert i Hoven Restaurant, med fjell og fjord som kulissar.

– Vi trur dette blir ei stor konsertoppleving for alle med ei interesse for klassisk musikk. Vi er heldige som har så flinke musikarar i regionen vår, seier Odd Rune Flo, sals- og aktivitetsansvarleg i Loen Skylift.

– Vi har jo nettopp hatt unge rocketalent frå Eid, og VG-lista-aktuelle DJ Sjur frå Gloppen på scena her oppe, så her er det stor spennvidde i sjanger – akkurat slik vi vil ha det. – Etter konserten fyrer vi opp bålpanner og nyter sommarnatta, avsluttar han.