Foto: Gorm Kallestad/NTB scanpix/NPK.

Ønskjer ikkje nye fossilfly

Widerøe har om lag ti år på fornye store delar av flyflåten. Strategidirektøren seier dei ikkje vil bestille nye fossilfly.


Ifølgje podkasten Teknisk Sett ønsker Widerøe å flyge med elektriske fly på kortbanenettet. Kortbanenettet er perfekt for elektrifisering, seier Andreas Kollbye Aks, strategidirektør i Widerøe.


– Vi har ein aldrande flyflåte. Det er avgrensa kor mange gonger eit fly kan ta av og lande før det må kasserast. På ti år må vi fornye store delar av flyflåten. Vi kan alltids bestille nye fossilfly, noko vi ikkje har lyst til. Vi ønsker at flya våre skal ha ny teknologi, seier han i podkasten.


Flya må mest truleg bestillast innan få år. Det er førebels mangel på leverandørar og produsentar som hindrar bestillinga. (©NPK)