Omkom i brann

Ein brann i ei bustadblokk i Sogndal fekk eit tragisk utfall i natt. Ein mann omkom i brannen som vart meldt rundt halv fire i natt. 

18 menneske vart evakuerte til eit omsorgssenter i nærleiken og brannvesenet fekk relativt fort kontroll på brannen.