Om Firda Tidend

    • Frå kamporgan for bonderørsla,

      til lokalavis for distriktet

      Firda Tidend kom første gong ut tysdag 1. juli 1924. Då med vossingen Johan Lid som redaktør. Avisa har gått frå å vere eit kamporgan for bonderørsla, til å bli ei lokalavis for Gloppen og Jølster kommunar. Det var skipinga av Bondepartiet i 1920 som var utgangspunktet for Firda Tidend.

      I 1967 vart Firda Tidend formelt reorganisert og L/L Senterpartibladet skipa. Forutan Senterpartiet sine organisasjonar, vart handelslaga i Gloppen og Breim aksjonærar og i tillegg 16 Senterpartimedlemer i lokalpartia.

      Det første styret i L/L Senterpartibladet såg slik ut: Reidar Mardal (formann), Ingebrigt Øvreseth, Kjell Råd, Abel Straume og Kristoffer J. Rygg (styremedlem).

      I 1981 tok L/L Senterpartibladet aksjane i Solglimt Trykkeri i Bukta. Styret for Senterpartibladet utgjorde frå då av også generalforsamlinga i Solglimt Trykkeri. Same året vart også dei tilsette representert i styret møte og talerett.

      I dag kjem avisa ut to gonger i veka – tysdag og fredag.

      Frå påska 2017 vart trykkeridelen avvikla. Firda Tidend vert frå same tid trykt på Sogn og Fjordane avistrykk i Førde, medan Solglimt hentar trykktenester der det er hensiktsmessig. Frå seinhausten 2018 flytta alle tilsette inn i Skarsteinhuset i Nordstrandsvegen som i løpet av året hadde vore gjennom ei omfattande oppussing både ute og inne. Våren 2019 vart lokalet i Bukta seld.

      Senterpartiet sine organisasjonar er største eigar av konsernet med 45 prosent av aksjane. Resten er eigd av fleire lokale småaksjonærar.

      Firda Tidend har i dag åtte tilsette i redaksjon, administrasjon og produksjon.

      Styret:
      Styreleiar: Bjørn Grov
      Nestleiar: Per Rune Vereide
      Styremedlemer: Ingebrigt Øvreseth, Sjur Atle Austrheim, Anders Ryssdal, Inger Haldis Aske Lothe.

      Redaktør: Aadne Gloppestad
      Dagleg leiar: Aadne Gloppestad