Olve Grotle vart først sett på sidelina, men kom sterkt tilbake og snappa ordføraklubba i kamp med Jenny Følling og SP

Olve vart jokeren

Etter at det onsdag kveld vart brot i forhandlingane mellom Sp og Ap gjekk Sp rett i drøftingar med H, V, Krf og MDG.



Like før midnatt vart det klart at forhandlingane var over og at Olve Grotle (H) hadde kapra ordførarklubba i Sunnfjord. Jenny Følling (Sp) blir varaordførar

Ikkje ekteskap

-Dette er ikkje eit ekteskap, men eit valteknisk samarbeid. Eg er innstilt på godt samarbeid med dei som er her, men vi skal samarbeide med alle i nye Sunnfjord kommunestyre. Det er faktisk maktpåliggjande for å få dette til, sa Olve  Grotle til NRK etter at resultatet var klart.

Det er elles klart at Sp får tre i formannskapet, Høgre to og Venstre og MDG ein kvar. Jenny Følling blir varaordførar i full stilling.