Det kviler tunge skyer over økonomien i Jølster, og både varaordførar, ordførar og rådmann vil få nok å gjere skal økonomiplanen kome i balanse før året er omme.

Økonomiplan i sterk ubalanse

– Vi blir utfordra på alle kantar. Vi tyner drifta og vi er sårbare, sa rådmann Ellen Jensen då ho innleia til debatt om ein økonomiplan som på noverande tidspunkt er svært langt frå å vere i balanse.



Til møtet torsdag kom rådmannen med ei klar utfordring til politikarane om å spesifisere kva som skal skjerast ned på i ein økonomiplan som, sjølv med total nedbrenning av disposisjonsfondet, likevel manglar 20 millionar kroner på å vere i balanse i dei to siste åra av planperioden.

– Skulle vore gjort før

I juni presenterte rådmannen ein balansert økonomiplan der mange ting var tekne ut, mellom anna investering og drift av hallar og industriområdet på Moskog. Kommunestyret putta desse tinga inn att utan å seie noko om kva som skulle kuttast på for å få planen i balanse. Den manøveren fekk formannskapet midt i fleisen torsdag, og politikarane måtte tole ei viss innføring i elementære økonomiske prinsipp av rådmannen.

– Vi må bestille ei tilpassing til tenestenivået i den nye kommunen. Det skulle vore gjort for to år sidan, men ingen ville ta tak i det, sa ordføraren då han innleia til saka.

– Eg er samd med ordføraren. Dette må vi ta tak i, sa Kjell Navelsaker (H).

Judith Kapstad (V) minte om at administrasjonen har stilt liknande spørsmål før, utan å få svar.

– Det er ein dyster økonomiplan som syner at store investeringar dei siste åra får konsekvensar for drifta. Vi må sjå på tenestenivået, og enten vi vil eller ikkje, må vi sjå på investeringane (les hallane) som kom inn att i økonomiplanen i juni, sa ein alvorleg varaordførar, Jakob André Sandal (SV).

Alle var samde om at noko må gjerast, men ingen ville eller kunne konkretisere kva dette er.

– Vi kan ikkje berre stikke hovudet i sanden. Vi står i gjørme med ryggen mot veggen, og vi manglar veldig mykje pengar. Er vi villige til å gjere noko, var spørsmålet frå Judith Kapstad.

Rådmannen rista på hovudet

Rådmann Ellen Jensen hadde altså bede om svar på kvar ho skulle kutte, og etter ein lang debatt der det handla mykje om at noko må gjerast, men mindre om kva som må gjerast, var det gruppemøte.

Steinar Dvergsdal (Sp), som hadde bede om møtet, kom tilbake med eit framlegg frå Sp, H og Ap, der det heitte at administrasjonen skal utarbeide budsjett og økonomiplan der tal på stillingsheimlar skal vurderast opp mot tenestenivået i den nye kommunen.

– Er dette godt nok, spurde ordføraren.

– Nei, svara rådmannen.

– Ullent og uklart, var kommentaren frå Judith Kapstad.

– Eg må ha ei klarare presisering, var beskjeden frå Ellen Jensen, og dermed vart det nytt gruppemøte.

Dermed kom det inn to tilleggspunkt der det eine gjekk på å «frede» løyvingar til kyrkja, skulemusikkdirigent og kulturmidlar. Det andre handla om å sjå på kommunen sin bygningsmasse og vurdere sal av det som ikkje er i bruk. Dette vart samrøystes vedteke med eit påfølgjande hjartesukk frå Judith Kapstad som ville vite kva som skjer med bygdebok, Astruptunet og dei andre tinga som rådmannen ville ha svar på.

– Er desse ute av økonomiplanen?

Spørsmålet vart hengande i lufta, men det kjem snart nye sjansar til å få svar på desse og andre spørsmål vedkomande økonomien i Jølster. Politikarane vil få det travelt fram mot budsjettmøtet i desember.