Mange tok turen til Barnas countrytreff i Trivselshagen.

Også barna går på countrytreff

Norsk Countrytreff har i fleire år inkludert ungane fredagen under countryhelga. Både barnehagar og fleire familiar nytta godvêrsdagen til aktivitet i Trivselshagen.

– Det er kjekt å stille på dugnad her. Ungane får vere med på mykje forskjellig, til dømes konsert med Muntre Musikanter i Kultursalen, riding og leik, og dei får servert pølser, fortel Frida Sårheim Braksetad og Karoline Hjelle.

Glade ungar

I strålande sol tok mange turen for å vere med på aktivitetane Norsk Countrytreff hadde lagt opp til fredag føremiddag. Ungane skrytte av konserten med kjende songar frå mellom anna Hakkebakkeskogen.

– Konserten var fin, og det var kjekt å få pølser ute i sola, fortel Edvin Birkeland Kleppe (5).

 

 

Les meir om Barnas countrytreff i papirutgåva tysdag.